PÅ DET VESTNORSKE TEATERET STARTAR HAUSTSESONGEN MED PEER GYNT. ER DU KLAR FOR NYE TEATERBESØK? Tilsette ved UiB kan kjøpe billettar til prøveframsyning tysdag 6. september og generalprøve onsdag 7. september kl. 19.00 i Logen. Billettpris kr. 200. Billettar kan du kjøpe her: Tysdag 6. september kl. 19.00: [1]https://detvestnorsketeateret.eventim-billetter.no/webshop/webticket /shop?event=952&kassierer=webprove Onsdag 7. september kl. 19.00: [2]https://detvestnorsketeateret.eventim-billetter.no/webshop/webticket /shop?event=953&kassierer=webprove Du kan også sende e-post til [3]publikum@detvestnorsketeateret.no (ref UiB). [cid:image001.png@01D8B606.7A4A2C50] Det Vestnorske Teateret opnar haustsesongen på Hovudscenen med Henrik Ibsen sitt storverk, «Peer Gynt». Jon Fosse har gjendikta forteljinga om Peer Gynt, som står i spennet mellom å vere seg sjølv fullt og heilt – og å vere seg sjølv nok. Regissør Bjarte Hjelmeland har eit nært forhold til stykket og han har fått med seg T-Michael som får sin debut som kostymedesigner for teater. Saman med Piero Issa på koreografi, lysdesigner Silje Grimstad og lyddesigner Kato Ådland vil dei formidle ein moderne og nær «Peer Gynt». I tittelrolla møter du Lars Berge, og scena deler han med Reidun Melvær Berge, Per Frisch, Hermine Svortevik Oen, Claus Sellevoll og Marit Østbye. Velkomen tilbake til nye opplevingar i teatersalen! [cid:image002.png@01D8B606.7A4A2C50] Mvh [cid:image003.png@01D8B606.7A4A2C50] UiBmerke_grayscale Velferdsutvalget References 1. https://detvestnorsketeateret.eventim-billetter.no/webshop/webticket/shop?event=952&kassierer=webprove 2. https://detvestnorsketeateret.eventim-billetter.no/webshop/webticket/shop?event=953&kassierer=webprove 3. mailto:publikum@detvestnorsketeateret.no