[cid:image001.png@01D48E0F.145B5310] Til alle tilsette ved UiB Tilbod om rabatterte billettar dei 3 siste speledagane på «Oppdrag Mottro» Torsdag 13. og fredag 14. desember kl. 19.00 Laurdag 15. desember kl. 18.00 i Logen Billettpris kun kr. 270 (ord.pris kr. 420). I mange år har Linda Eide ringt mor si. Aldri for å spørja korleis det står til. Alltid for å grave fram noko gammalt som er nytt. For det mora fortel frå Linda sin barndom liknar ikkje på den barndommen Linda sjølv hugsar. Og når mora fortel frå si tid, også kalla gamle dagar, er det frå eit liv Linda aldri var ein del av. Byrja ikkje Mottro sitt liv med at Linda blei fødd? Du kan gle deg til ei vittig og tankevekkande utforsking av korleis gamle dagar lever vidare i notida. Linda lengtar tilbake til ei tid som aldri kjem att. Mora står trygt planta i notid og ser seg ikkje tilbake. Opplev Linda Eide i ei varm soloframsyning der ho forsøker å få has på desse mystiske gamle dagane. Ho som spør og grev, trur det let seg gjera. Ho som svarar kunne ikkje brydd seg mindre. Av og med: Linda Eide. Regi: Arvid Ones. Scenografi: Olav Myrtvedt. Du kan kjøpe billettar via lenkene under, eller sende mail til [1]publikum@hordalandteater.no 13. desember: [2]https://hordalandteater.eventim-billetter.no/webshop/webticket/shop? event=190&kassierer=web1 14. desember: [3]https://hordalandteater.eventim-billetter.no/webshop/webticket/shop? event=191&kassierer=web1 15. desember: [4]https://hordalandteater.eventim-billetter.no/webshop/webticket/shop? event=192&kassierer=web1 Mvh cid:image004.png@01D1F8A4.C48635F0 UiBmerke_grayscale Velferdsutvalget References 1. mailto:publikum@hordalandteater.no 2. https://hordalandteater.eventim-billetter.no/webshop/webticket/shop?event=190&kassierer=web1 3. https://hordalandteater.eventim-billetter.no/webshop/webticket/shop?event=191&kassierer=web1 4. https://hordalandteater.eventim-billetter.no/webshop/webticket/shop?event=192&kassierer=web1