[Velferd-info] Velferdstilubd - Konsert om Vestlandskulturen

Laurice-Solveig Majlaton Høie Laurice-Solveig.M.Hoie at uib.no
Fre 20. Okt 2023 12:31:35 CEST


Konsert om Vestlandskulturen Sundag 29. oktober! Velferdstilbud til UiB-tilsette. Kjøp billett her: https://bnkk.easyticket.no/produkt/a-vestland-vestland-29-oktober-kl-1900/ Du får 100 kr i avslag på ordinærbillett ved bruk av Kupongkode: UiB-23 Sundag 29. oktober kl. 19:00, blir det stor konsert i Åsane kulturhus med Vestlandskulturen som tema. Bergen Nord Kammerkor (BNKK) med dirigent Bjørn Berentsen kjem med ein ny konsertproduksjon med tittelen: «Å Vestland, vestland - litt sært men mest kjært». Dette er eit samarbeid med skodespelar og solist Ragnhild Gudbrandsen (Den National Scene) og kapellmeister Helge Lilletvedt med orkester. Alle vestlendingar veit at kulturen på Vestlandet er rikare enn austpå, både før og nå. Dette gjeld både songkulturen, måten ein snakkar på, fotballkulturen, men også «foreiningskulturen» som dei fleste ungar som vaks opp på 60-talet fekk med seg. Kanskje heng dette saman med topografien på vestlandet: Her er det små bygder med eigne forsamlingshus i kvar ein krok på kysten og i fjordane. Før bruene blei bygde var det for langt og kronglete å komma til byn med båt, og dette har truleg gjeve grunnlag for rikt kulturliv. Programmet tar føre seg denne vestlandskulturen ved å veve saman musikk av mange vestlandskomponistar slik som Bjørn Eidsvåg, Vamp, Herborg Kråkevik, Olav Stedje, Aurora med fleire... med tekstar om folkelynne og korleis det har vore og er å leve på Vestlandet. Tekstane om folkelynne og levevis er skriven av Finn Tokvam. Du får ei humørfylt reise i vestlandsk musikk og folkelynne med Bergen Nord Kammerkor, skodespelar og songar Ragnhild Gudbrandsen og koret sin dyktige kapellmeister Helge Lilletvedt på flygel, og orkester med Ole Marius Sandberg - kontrabass, Elisabeth Lid Trøen - treblås, Johanne L Mjøs - feler/nøkkelharpe, og Thomas Valeur - gitar. Bjørn Berentsen er dirigent.

[cid:image002.png at 01DA00F6.10C2D610] Velferdsutvalget uib.no<https://www.uib.no/>

[cid:image003.png at 01DA00F6.10C2D610]

-------------- neste del -------------- A non-text attachment was scrubbed... Name: ikke tilgjengelig Type: text/html Size: 9340 bytes Desc: ikke tilgjengelig URL: <https://mailman.uib.no/public/velferd-info/attachments/20231020/23d933dc/attachment.txt> -------------- neste del -------------- A non-text attachment was scrubbed... Name: image001.png Type: image/png Size: 2147 bytes Desc: image001.png URL: <https://mailman.uib.no/public/velferd-info/attachments/20231020/23d933dc/attachment.png> -------------- neste del -------------- A non-text attachment was scrubbed... Name: image002.png Type: image/png Size: 6825 bytes Desc: image002.png URL: <https://mailman.uib.no/public/velferd-info/attachments/20231020/23d933dc/attachment-0001.png> -------------- neste del -------------- A non-text attachment was scrubbed... Name: image003.png Type: image/png Size: 7854 bytes Desc: image003.png URL: <https://mailman.uib.no/public/velferd-info/attachments/20231020/23d933dc/attachment-0002.png> -------------- neste del -------------- A non-text attachment was scrubbed... Name: image007.png Type: image/png Size: 168 bytes Desc: image007.png URL: <https://mailman.uib.no/public/velferd-info/attachments/20231020/23d933dc/attachment-0003.png> -------------- neste del -------------- A non-text attachment was scrubbed... Name: image008.png Type: image/png Size: 169 bytes Desc: image008.png URL: <https://mailman.uib.no/public/velferd-info/attachments/20231020/23d933dc/attachment-0004.png> -------------- neste del -------------- A non-text attachment was scrubbed... Name: image009.png Type: image/png Size: 168 bytes Desc: image009.png URL: <https://mailman.uib.no/public/velferd-info/attachments/20231020/23d933dc/attachment-0005.png> -------------- neste del -------------- A non-text attachment was scrubbed... Name: Ny plakat-flyer til Vestland 29. oktober (1).pdf Type: application/pdf Size: 1234879 bytes Desc: Ny plakat-flyer til Vestland 29. oktober (1).pdf URL: <https://mailman.uib.no/public/velferd-info/attachments/20231020/23d933dc/attachment.pdf>



Mer informasjon om epostlisten Velferd-info.