[Velferd-info] Velferdstilbud - Stengd gitar av Jon Fosse - Det vestnorske teateret

Laurice-Solveig Majlaton Høie Laurice-Solveig.M.Hoie at uib.no
Ons 25. Jan 2023 13:43:33 CET


«Stengd gitar» av Jon Fosse

[Et bilde som inneholder tekst, alter Automatisk generert beskrivelse] Tilsette ved UiB kan kjøpe rabatterte billettar til «Stengd gitar» laurdag 4. februar kl. 18.00 og tysdag 7. februar kl. 19.00. Billettpris kr. 250 (ord. pris kr. 440) Billettar må du bestille på e-post: publikum at detvestnorsketeateret.no<mailto:publikum at detvestnorsketeateret.no>. (Merk med UiB).

«Bortover gangen, og føtene er tunge mot golvet. Døra slo igjen og ungen begynner å grine. Eg går med tunge føter bortover mot heisen. Det er morgon. Full berepose. Ungen skrik.»

Slik byrjar Jon Fosse si sterke forteljing om ei ung jente som har låst seg ute frå leiligheita si. I eit rom av suggerande ubehag og ei dirrande spaning møter vi ei tjue år gamal einsleg mor som ein morgon i desember finn seg sjølv på utsida av si eiga låste dør. Bak denne døra ligg spedbarnet hennar innelåst. No gjeld det å finne vaktmeisteren og få trøyste det skrikande barnet. Men føtene er tunge, sinnet er ullent og handlekrafta vanskeleg å mobilisere. Jenta legg i veg på ei ferd for å finne hjelp. Ei ferd som finn mange omvegar og som etter kvart flettar saman notid og fortid i ei reise gjennom hennar skjebne. Ei reise som fjernar henne meir og meir frå barnet som treng henne.

Reidun Melvær Berge skildrar dette utsette mennesket sitt sinn i tett samspel med Øystein Bech-Eriksen sine gitartonar. Saman skapar dei eit skarpt innblikk i eit plaga menneske si einsemd.

Med: Reidun Melvær Berge og Øystein Bech-Eriksen (musikar). Regi: Fredrik Longva. Scenografi og kostyme: Olav Myrtvedt. Lysdesign: Silje Grimstad.

[Et bilde som inneholder tekst Automatisk generert beskrivelse]

Mvh

[cid:image004.png at 01D930C2.78455A60] [UiBmerke_grayscale] Velferdsutvalget [cid:image006.png at 01D930C2.78455A60]

-------------- neste del -------------- A non-text attachment was scrubbed... Name: ikke tilgjengelig Type: text/html Size: 8775 bytes Desc: ikke tilgjengelig URL: <https://mailman.uib.no/public/velferd-info/attachments/20230125/810283f3/attachment.txt> -------------- neste del -------------- A non-text attachment was scrubbed... Name: image001.png Type: image/png Size: 1564655 bytes Desc: image001.png URL: <https://mailman.uib.no/public/velferd-info/attachments/20230125/810283f3/attachment.png> -------------- neste del -------------- A non-text attachment was scrubbed... Name: image002.jpg Type: image/jpeg Size: 12847 bytes Desc: image002.jpg URL: <https://mailman.uib.no/public/velferd-info/attachments/20230125/810283f3/attachment.jpg> -------------- neste del -------------- A non-text attachment was scrubbed... Name: image003.jpg Type: image/jpeg Size: 3804 bytes Desc: image003.jpg URL: <https://mailman.uib.no/public/velferd-info/attachments/20230125/810283f3/attachment-0001.jpg> -------------- neste del -------------- A non-text attachment was scrubbed... Name: image004.png Type: image/png Size: 2134 bytes Desc: image004.png URL: <https://mailman.uib.no/public/velferd-info/attachments/20230125/810283f3/attachment-0001.png> -------------- neste del -------------- A non-text attachment was scrubbed... Name: image005.png Type: image/png Size: 3860 bytes Desc: image005.png URL: <https://mailman.uib.no/public/velferd-info/attachments/20230125/810283f3/attachment-0002.png> -------------- neste del -------------- A non-text attachment was scrubbed... Name: image006.png Type: image/png Size: 3945 bytes Desc: image006.png URL: <https://mailman.uib.no/public/velferd-info/attachments/20230125/810283f3/attachment-0003.png>



Mer informasjon om epostlisten Velferd-info.