[Velferd-info] Velferdstilbud - komedien Steg for steg

Laurice-Solveig Majlaton Høie Laurice-Solveig.M.Hoie at uib.no
Ons 30. Nov 2022 13:24:57 CET


Tilsette ved Universitetet i Bergen kan kjøpe billettar til kun kr. 290 (ord. pris kr. 480) fredag 2.12, måndag 5.12 og tysdag 6.12 kl. 19.00.

Billettane kan du kjøpe her: 2. des: https://detvestnorsketeateret.eventimbilletter.no/webshop/webticket/shop?event=981&kassierer=webspes2

5. des: https://detvestnorsketeateret.eventimbilletter.no/webshop/webticket/shop?event=983&kassierer=webspes2

6. des: https://detvestnorsketeateret.eventimbilletter.no/webshop/webticket/shop?event=984&kassierer=webspes2

Du kan også sende e-post til publikum at detvestnorsketeateret.no<mailto:publikum at detvestnorsketeateret.no> (merk: UiB)

Se vedlegg for mer informasjon

Om stykke: Det blir lett mykje humor når tre festlege og litt frynsete damer med lavt blodsukker skal komme seg opp på eit høgt fjell. Her møter vi den single SILJE (Reny Gaassand Folgerø) som held kjenslene inne mens ho traskar avgarde med det nyaste fjellutstyret, den kommande bruda MONIKA (Linn Løvvik) som har begynt å få kalde føtter, og ikkje minst chablisglade og baktunge BODIL (Christine Hope) som aller helst skulle sett at det var rulletrapp opp til toppen...

Dei tre jentene var eigentleg ein gjeng på fire, men året før gjekk fjerdemann bort. Dette var ho som var limet i gjengen og som faktisk likte å gå på fjelltur. No som alt er forandra prøver dei tre andre å finne vegen vidare saman. Til tross for sine ulikheiter og sin varierande kondisjon, har dei ein rå felles galgenhumor. Komedien er skrive av Peter Quilter og har gått sin seiersgang i heile Europa.

Mvh

[cid:image001.png at 01D9049C.84D940E0] [UiBmerke_grayscale] Velferdsutvalget

-------------- neste del -------------- A non-text attachment was scrubbed... Name: ikke tilgjengelig Type: text/html Size: 6638 bytes Desc: ikke tilgjengelig URL: <https://mailman.uib.no/public/velferd-info/attachments/20221130/f64391b1/attachment.txt> -------------- neste del -------------- A non-text attachment was scrubbed... Name: image001.png Type: image/png Size: 2134 bytes Desc: image001.png URL: <https://mailman.uib.no/public/velferd-info/attachments/20221130/f64391b1/attachment.png> -------------- neste del -------------- A non-text attachment was scrubbed... Name: image002.png Type: image/png Size: 3860 bytes Desc: image002.png URL: <https://mailman.uib.no/public/velferd-info/attachments/20221130/f64391b1/attachment-0001.png> -------------- neste del -------------- A non-text attachment was scrubbed... Name: UiB.pdf Type: application/pdf Size: 256693 bytes Desc: UiB.pdf URL: <https://mailman.uib.no/public/velferd-info/attachments/20221130/f64391b1/attachment.pdf>



Mer informasjon om epostlisten Velferd-info.