[Velferd-info] Velferdstilbud - Billetter til TELAVÅG 25. og 26. mars i Gestapohuset i Bergen

Laurice-Solveig Majlaton Høie Laurice-Solveig.M.Hoie at uib.no
Man 21. Mar 2022 11:56:35 CET


Det Vestnorske Teateret: Tilbod til UiB om rabatterte billettar til teaterframsyninga «TELAVÅG» 25. og 26. mars i Gestapohuset i Bergen.

[Et bilde som inneholder tekst, vann, utendørs Automatisk generert beskrivelse]

Telavågtragedien i 1942 fortald gjennom vitnesbyrda til dei som opplevde det. Etter at tyskarane okkuperte landet vårt, flykta fleire tusen nordmenn med fiskebåtar over Nordsjøen. Dei fleste for å verve seg til dei britiske styrkane. Fiskeværet Telavåg på Sotra vart ein sentral utreisestad. Då okkupantane avslørte dette, hemna dei seg frykteleg og utsletta heile bygda. Denne kollektive straffinga av eit heilt samfunn er eit av dei verste krigsbrotsverka på norsk jord. Det blir sagt at ingen norsk by eller bygd måtte lide så mykje for vår fridom som Telavåg. I vår framsyning forsøker vi å fortelje om dette vesle samfunnet si dramatiske skjebne gjennom tidsvitna sine eigne beretningar.

Stykket vert framført i «Gestapohuset» i Veiten 3, som var Gestapo sitt hovudkvarter under krigen.

Med Liv Bernhoft Osa, Lasse Lindtner, Reidun Melvær Berge og Sturla Alvsvåg. Manus og regi: Stig Amdam. Scenografi og kostymedesign: Silje Sandodden Kise

Tilsette ved UiB kan kjøpe billettar til kr. 350 (ord. pris kr. 450). Billettar kan du kjøpe her:

Fredag 25. mars kl. 19.00: https://detvestnorsketeateret.eventim-billetter.no/webshop/webticket/shop?event=893&kassierer=webspes

Laurdag 26. mars kl. 18.00: https://detvestnorsketeateret.eventim-billetter.no/webshop/webticket/shop?event=894&kassierer=webspes

Du kan også sende e-post til publikum at detvestnorsketeateret.no<mailto:publikum at detvestnorsketeateret.no> (ref. UiB)

[Et bilde som inneholder tekst Automatisk generert beskrivelse]

Mvh

[cid:image003.png at 01D83D1A.B5969BA0] [UiBmerke_grayscale] Velferdsutvalget

-------------- neste del -------------- A non-text attachment was scrubbed... Name: ikke tilgjengelig Type: text/html Size: 7820 bytes Desc: ikke tilgjengelig URL: <https://mailman.uib.no/public/velferd-info/attachments/20220321/479a345a/attachment.txt> -------------- neste del -------------- A non-text attachment was scrubbed... Name: image001.png Type: image/png Size: 852059 bytes Desc: image001.png URL: <https://mailman.uib.no/public/velferd-info/attachments/20220321/479a345a/attachment.png> -------------- neste del -------------- A non-text attachment was scrubbed... Name: image002.jpg Type: image/jpeg Size: 12847 bytes Desc: image002.jpg URL: <https://mailman.uib.no/public/velferd-info/attachments/20220321/479a345a/attachment.jpg> -------------- neste del -------------- A non-text attachment was scrubbed... Name: image003.png Type: image/png Size: 2134 bytes Desc: image003.png URL: <https://mailman.uib.no/public/velferd-info/attachments/20220321/479a345a/attachment-0001.png> -------------- neste del -------------- A non-text attachment was scrubbed... Name: image004.png Type: image/png Size: 3860 bytes Desc: image004.png URL: <https://mailman.uib.no/public/velferd-info/attachments/20220321/479a345a/attachment-0002.png>



Mer informasjon om epostlisten Velferd-info.