[Velferd-info] Velferdstilbud: 03.08.38 Tilstander av unntak på Det Vestnorske Teateret

Laurice-Solveig Majlaton Høie Laurice-Solveig.M.Hoie at uib.no
Ons 2. Jun 2021 10:12:32 CEST


Tilbod om rabatterte billettar til tilsette ved Universitetet i Bergen: «03:08:38 Tilstandar av unntak» av Transiteatret-Bergen på Det Vestnorske Teateret i Logen: 9., 10 og 11. juni kl. 18.00

Framsyninga er ein rekonstruksjon av ettermiddagen 22. juli 2011 presentert i sanntid, sentrert rundt ein komposisjon av autentiske radiosendingar og lydopptak frå denne dagen. Mot lydkulissane arbeider eit team av teiknarar, filmskaparar og musikarar med sine fortolkningar av tida og hendingsforløpet. Her finn vi markante bergenskunstnarar som perkusjonist Terje Isungset og biletkunstnar Arvid Pettersen. Eit kor er sett saman for anledninga.

Tre timar, åtte minutt og trettiåtte sekund var tida det tok ein ung mann å sprenge eit norsk regjeringsbygg for så å avrette unge sosialdemokratiske politikarar på sommarleir.

Korleis reagerte omverda? Kva blei sagt utenfor Noreg? Korleis reagerte ulike samfunn, ulike menneske - ikkje etterpå - men midt i ein slik tilstand av unntak, der ingen enno visste noko sikkert om omfang, årsak og motivasjon; der spekulasjonar gjekk i alle retningar; der Facebook-bilde blei bytt ut med nasjonale symbol; der fortrengte politiske fordommar fekk spele seg ut på gateplan?

Framsyninga hadde bergenspremiere i Logen i januar 2020. Pressen ga framsyninga særs gode kritikkar; NRK`s meldar sa: «Det trengs bare en teaterforestilling om 22. juli. Denne.»

Framsyninga fekk Heddaprisen 2020 for Særlig kunstnerisk innsats til Tore Vagn Lid og for Beste audiovisuelle design til alle skapende kunstnere i prosjektet. I tillegg, Osloprisen for Årets scenekunst 2020 (Natt&Dag)

Kjøp billettar på denne lenka til spesialpris kr. 280. (Ord. pris: Kr. 380): Det Vestnorske Teater webshop (eventim-billetter.no)<https://detvestnorsketeateret.eventim-billetter.no/webshop/webticket/eventlist?production=81> Eller send bestilling på epost: publikum at detvestnorsketeateret.no<mailto:publikum at detvestnorsketeateret.no> (ref. UiB)

Varigheit: Tre timar, åtte minutt og trettiåtte sekund.

Mvh

[cid:image001.png at 01D75797.5DD41FA0]

[UiBmerke_grayscale]

Velferdsutvalget

[GroentUiB_110]

-------------- neste del -------------- A non-text attachment was scrubbed... Name: ikke tilgjengelig Type: text/html Size: 7069 bytes Desc: ikke tilgjengelig URL: <https://mailman.uib.no/public/velferd-info/attachments/20210602/d1f21327/attachment.txt> -------------- neste del -------------- A non-text attachment was scrubbed... Name: image001.png Type: image/png Size: 2134 bytes Desc: image001.png URL: <https://mailman.uib.no/public/velferd-info/attachments/20210602/d1f21327/attachment.png> -------------- neste del -------------- A non-text attachment was scrubbed... Name: image002.png Type: image/png Size: 3860 bytes Desc: image002.png URL: <https://mailman.uib.no/public/velferd-info/attachments/20210602/d1f21327/attachment-0001.png> -------------- neste del -------------- A non-text attachment was scrubbed... Name: image003.png Type: image/png Size: 8763 bytes Desc: image003.png URL: <https://mailman.uib.no/public/velferd-info/attachments/20210602/d1f21327/attachment-0002.png>



Mer informasjon om epostlisten Velferd-info.