[Velferd-info] Velferdsutvalget: Andvake - Hordaland Teater

Laurice-Solveig Majlaton Høie Laurice-Solveig.M.Hoie at uib.no
Man 16. Apr 2018 11:48:53 CEST


[cid:image001.png at 01D3D578.E4478300]

Generalprøve i Logen

tysdag 22. mai kl. 19.00. Billettpris kun kr. 100.

Du kan kjøpe billettar her:

https://hordalandteater.eventim-billetter.no/webshop/webticket/shop?kassierer=web1&event=32

Jon Fosse fekk Nordisk Råds Litteraturpris for trilogien.

Verket har trollbunde publikum over heile verda og blir no teater.

Hordaland Teater er stolte over å kunne presentere urpremiere på ei av vår tid si mest markante litterære forteljingar i ein musikalsk sceneversjon av Torkil Sandsund. Urpremieren vert 23. mai, under Festspillene i Bergen. Framsyninga vil ta oss gjennom alle tre romanane på tre timar.

Det er seinhaustes og Alida og Asle er kome til Bjørgvin for å finne ein stad å vere. Alida er høggravid, men ingen vil gi dei rom. I trilogien følgjer vi parets kamp for å finne ein stad å føde og korleis dei på ulikt vis vert innhenta og stilt til ansvar for valga dei tek undervegs. Andvake-trilogien er forteljinga om ung kjærleik i ei ugjestmild verd, om kjærleik som sprenger sin eigen veg, og om kjærleik som overlev sjølve livet.

Dette er ei klasseforteljing og eit tidsbilete som rommar den mystikken og musikaliteten som særmerkjer Fosse. Den vert toneset av dei tidlegare festspelkunstnarane Trio Mediæval. Levande folkemusikk vert også eit sentralt element med felespelaren Erlend Apneseth på scenen.

Regi: Torkil Sandsund. Scenografi: Dordi Strøm.

Med: Erlend Apneseth, Magne Håvard Brekke, Ragnhild Gudbrandsen, Sigmund Njøs Hovind, Susann Kambestad, Karl-Vidar Lende og Anne Wiig.

Andvake presenteres i samarbeid med DNS og Festspillene.

Du kan også kjøpe billettar i Grieghallens billettkontor, telefon 55 21 61 50, eller på mail til publikum at hordalandteater.no. NB! Billettgebyr kr. 25 pr billett når du ikkje kjøper på nettet.

[cid:image002.png at 01D3D578.E4478300]

Mvh

[cid:image004.png at 01D1F8A4.C48635F0]

[UiBmerke_grayscale]

Velferdsutvalget

-------------- neste del -------------- A non-text attachment was scrubbed... Name: ikke tilgjengelig Type: text/html Size: 8267 bytes Desc: ikke tilgjengelig URL: <https://mailman.uib.no/public/velferd-info/attachments/20180416/5aba0da1/attachment.txt> -------------- neste del -------------- A non-text attachment was scrubbed... Name: image001.png Type: image/png Size: 171648 bytes Desc: image001.png URL: <https://mailman.uib.no/public/velferd-info/attachments/20180416/5aba0da1/attachment.png> -------------- neste del -------------- A non-text attachment was scrubbed... Name: image002.png Type: image/png Size: 13643 bytes Desc: image002.png URL: <https://mailman.uib.no/public/velferd-info/attachments/20180416/5aba0da1/attachment-0001.png> -------------- neste del -------------- A non-text attachment was scrubbed... Name: image003.png Type: image/png Size: 2134 bytes Desc: image003.png URL: <https://mailman.uib.no/public/velferd-info/attachments/20180416/5aba0da1/attachment-0002.png> -------------- neste del -------------- A non-text attachment was scrubbed... Name: image004.png Type: image/png Size: 3860 bytes Desc: image004.png URL: <https://mailman.uib.no/public/velferd-info/attachments/20180416/5aba0da1/attachment-0003.png>



Mer informasjon om epostlisten Velferd-info.