[Velferd-info] Kulturtilbud - "Sjølvforakt"

Heidi Fretheim Heidi.Fretheim at uib.no
Tir 10. Feb 2015 09:15:03 CET


KULTURTILBOD Til tilsette ved UiB

Her er eit godt spesialtilbod for tilsette på UiB.

Torsdag 12. februar kl. 19.30 i Klokkeklang / Grieghallen:

Medlemspris kr 100,- (ord. Kr 200) Billettane kan kun kjøpast i Grieghallens bill. Kontor. Oppgje MEDLEM som kode.

MEDVERKANDE DRAMATIKAR: Tomas Lagermand Lundme REGISSØR: Anders Lundorph SKODESPELARAR: Sveinung Oppegaard OG Igor Necemer

OM STYKKET: Sjølvforakt er opprinneleg ei populær, dansk framsyning av kompaniet Hils din mor. Sjølvforakt gir publikum eit innblikk i korleis det er å kjenne seg annleis på godt og vondt. Framsyninga handlar om dei to tenåringane Jonas og Benjamin som går i 9. klasse. Like før sommarferien stod Jonas fram som homo. Den første skoledagen etter ferien står det: JONAS ER HOMO i skolegarden. Dagen etter: JONAS ER EIT HOMOSVIN. Kven skriv det og kvifor? Og kven er det Benjamin heile tida får beskjedar frå på mobilen sin? Jonas og Benjamin er venner, og dei er kanskje også litt meir enn det. Men det der med å vere forelska og elske er noko underleg, noko ein får feber av. Sjølvforakt kjem inn under huda på dei som utøver vald mot minoritetar og dei som er offer for hatforbrytingar. Framsyninga inneheld tema som mobbing, vald, baksnakking, gruppepress og den første kjærleiken. Ungt, opplysande og innvolverande teater, som bryt ned fordommar! Bergensavisen : «Stykket signert det danske kompaniet Hils din mor tar ungdommene rett inn i situasjoner de selv kan oppleve. Det rusker opp i dem og krever at de gjør seg opp en mening om homofili, gruppepress og svik.»

Framsyninga tek ca 45 min. Passar godt for ungdom og vaksne frå 15 år.

SPECIAL OFFER FOR EMPLOYEES AT UIB

Thursday 12th February at 19.30 in Klokkeklang / Grieg Hall:

Special Price kr. 100, - (normal price. Kr. 200) The tickets can only be bought in the Grieghalls Ticket office. For this price category the password is: MEDLEM.

PLAYWRIGHT: Tomas Lagermand Lundme DIRECTOR: Anders Lundorph ACTORS: Sveinung Oppegaard and Igor Necemer

ABOUT piece: Sjølvforakt is originally a popular Danish play, by the company Hils din mor. Sjølvforakt gives the audience insight into how it is to feel different.

There is Jonas and Benjamin, both 15 year, in the 9th grade. Just before the summer holiday Jonas came out as gay. The first school day after the holiday it is written in the schoolyard: JONAS IS GAY. The day after the writing is even worse. Who is writing this and why? Who keeps sending Benjamin instructions over his cellphone? Jonas and Benjamin are friends, and maybe they are bit more than friends. Being in love and loving someone is quite odd, it's like it gives you a fever. Sjølvforakt gets under the skin of those who are violent towards minorities and those who are victims of hate crimes. The performance touch upon topics such as bullying, violence, peer pressure and the first young love. Youthful, educational and involving theater that is confronting prejudices! The performance takes about 45 min. Is suitable for youth and adults from 15 years.

Med venleg helsing

Irene Smørdal Sals- og informasjonssjef

HORDALAND TEATER AS | Stend Hovedgård | Fanavegen 247 | 5244 Fana Tel 55 22 20 20 | Mob 906 82 920 | www.hordalandteater.no Følg oss på | Facebook | Instagram | Twitter

-------------- neste del -------------- A non-text attachment was scrubbed... Name: ikke tilgjengelig Type: text/html Size: 4604 bytes Desc: ikke tilgjengelig URL: <https://mailman.uib.no/public/velferd-info/attachments/20150210/33edc861/attachment.txt>



Mer informasjon om epostlisten Velferd-info.